Navigasjon

Brukere online

· Gjester online: 1

· Medlemmer online: 0

· Antall medlemmer: 8
· Siste medlem: alf martin seilen

Logg inn

Brukernavn

Passord



Glemt passordet?
Få nytt ved å klikke her.

Info

Det er ikke skrevet noen nyheter enda

R-1111

articles: r1111.gif
Bussen som fekk eit nytt liv.

Opr.reg: R-1111 A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag 23.05.1953
Nov. reg: R-1111 Veteranbussklubb BNR
Karosseri: Bussbygg, Lindås byggnr. 11 / 1953 Lengde: 8,50 m
Chassis: Volvo L249C nr.2456781 Bredde: 2,20 m
Motor: Volvo D67 Akselavstand: 4,70 m
Ytelse: 115 HK Sitte / ståplasser: 29 / 0
Totalvekt 8020 kg Dører: 0-1-0


Den første busstrafikken i Nordhordland var i privat regi. I 1926 fekk Hjalmar Fanebust konsesjon på å køyra rutebil på strekninga Hundvin - Fanebustsjøen. I 1928 tok Lindås & Masfjorden over denne ruta. På Radøy køyrde Alfred Tvedt rutebil på strekninga Alverstraumen - Bøvågen frå 1927.
I 1930 tok Alversund & Manger over denne ruta.
Trafikken var stor i desse åra, og selskapa klarte seg lenge utan støtte.
Etter krigen vart det vanskeleg å få tak i nye bussar. Difor vart A/s Bussbygg stifta i 1947. Eigarane var frå bygdene rundt Dalsgrend og Myking.
Kåre Andvik, som hadde fagleg bakgrunn frå karosserifabrikk,
vart tilsett som dagleg leiar på fabrikken.
R-1111, eller rettare sagt lastebilchassiset Volvo L-249 med motor VDC 5373 kom til Bergen i 1952 med tog. Der ifrå vart chassiset køyrt til Bussbygg på Dalsgrend.
Bussen vart registrert 23/5 1953 og levert til Bergen Nordhordland Trafikklag.
R-1111 vart stasjonert på Fanebust. Her gjekk den i kombinertrute mellom Fanebustsjøen og Bergen.
Ruta vart lokalt kalla "kålrabiruta" fordi den spesielt vart nytta av torghandlarar som skulle til Bergen.
Då det i 1954 vart sett inn ein ny kombibil i ruta, gjekk R-1111 inn i forskjellige køyreoppdrag, den gjekk blant anna alltid i helgane som passasjerbuss.
Frå vinteren 1956 vart R-1111 stasjonert på Myking. Her gjekk bussen Hodneland - Tveitegrend og vidare til Lindås i skulerute.
R-1111 hadde skillevegg. NÃ¥r den vart brukt som kombibil, tok ein ut passasjerseta bak skilleveggen. Veggen vart fjerna i 1957 og etter det vart bussen berre brukt som passasjerbuss.
Bussen gjekk som oftast på vegar med lav standard, men karosseriet på R-1111 var bra.

I 1960 fekk bussen ein større reparasjon ved verkstaden i Alverstraumen. Der fekk den nytt golv og elles litt fornying av seter, karosseri og vindauge.
No vart den klar for Masfjorden, og der inne var den fr 1960 til 1965.
R-1111 skulle no køyra ruta frå Matre til Solheim.
Så vart bussen ståande nokre år i Knarvik og vart avregistrert.
Deretter taua til Torsheim, der den vart ståande i 20 år.
I 1990 vart bussen taua attende til Knarvik. Bussen vart sandblåst og sveist.
Det var problem med å få tak i originaldelar, men det gjekk det og.
Delar vart skaffa frå ein annen bil og motoren vart bytta.
Nytt golv vart lagt og stolane fekk nytt skinn.
Bussen fekk nye plater og vart lakkert.
No er R-1111 som den var då den var ny!

Generert på: 0.01 sekunder
646,363 Unike besøk