Navigasjon

Brukere online

· Gjester online: 1

· Medlemmer online: 0

· Antall medlemmer: 8
· Siste medlem: alf martin seilen

Logg inn

Brukernavn

Passord



Glemt passordet?
Få nytt ved å klikke her.

Info

Det er ikke skrevet noen nyheter enda

Vedtekter

Vedtekter for Veteranbussklubb BNR.

§1. FØREMåL


VETERANBUSSKLUBB BNR har som føremål å ivareta bilar og
materiell som har historisk verdi,
og ta vare på historisk materiale i skrift og bilete.
Klubben skal og arbeida for å skapa engasjement for dette
arbeidet blant noverande og tidlegare tilsette med tilknyting til
rutetrafikk i Nordhordland og Osterøy.


§2. MEDLEMSKAP


Som medlem i veteranbussklubben kan vera:
a: Noverande og tidlegare tilsette med tilknyting til
rutetrafikk i Nordhordland og Osterøy
b: Andre etter godkjenning frå styret.

§3 ÅRSMØTET


Årsmøtet skal haldast i februar månad kvart år,
og det vert kalla inn med to vekers varsel.
Saker til årsmøtet skal meldast til styret innan ei veke før.
Alle medlemmar har rett til å møta på årsmøtet.
Ekstraordinert årsmøøte kan haldast når styret,
eller 1/3 del av medlemane krev det.


§4. ÅRSMØTET SI SAKLISTE


1. Ã…rsmelding.
2. Rekneskap.
3. Fastsetjing av kontigent.
4. Innkomne saker.
5. Valg av 5 styremedlemmar og 2 varamedlemmar for to år.
...(etter første året går halvparten av styremedlemmane
...ut etter loddtrekning).
6. Valg av valkomite på 3 medlemmar for 1 år.
7. Valg av revisor for 1 år.
8. Andre saker som styret har sett opp på saklista.


§5. STYRET


Styret skal ha 5 medlemmar og 2 varamedlemmar:
Desse skal veljast av og mellom medlemane i BNR veteranbuss klubb.
Styret konstituerar seg sjølv.
Styret har økonomisk ansvar for klubben sine inntekter og utgifter,
og har plikt til å forvalta midlane på ein god måte.


§6. ENDRING AV VEDTEKTER


Endring av vedtektene kan berre gjerast på ordinert årsmøte med 2/3 fleirtal.


§7. OPPLØYSING


Oppløysing av Veteranbussklubb BNR kan berre gjerast av årsmøtet,

eller ekstraordinert årsmøte.
Vedtak om oppløysing krev 2/3 fleirtal.
Fordeling av aktiva i klubben går til museale / humanitære formål.

Generert på: 0.01 sekunder
646,350 Unike besøk