R-1111

Bussen som fekk eit nytt liv.

Opr.reg:

R-1111

A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag

23.05.1953

Nov. reg:

R-1111

Veteranbussklubb BNR


Karosseri:

Bussbygg, Lindås byggnr. 11 / 1953

Lengde:

8,50 m

Chassis:

Volvo L249C nr.2456781

Bredde:

2,20 m

Motor:

Volvo D67

Akselavstand:

4,70 m

Ytelse:

115 HK

Sitte / ståplasser:

29 / 0

Totalvekt:

8020 kg

Dører:

0-1-0

Den første busstrafikken i Nordhordland var i privat regi. I 1926 fekk Hjalmar Fanebust konsesjon på å køyra rutebil på strekninga Hundvin - Fanebustsjøen.

I 1928 tok Lindås & Masfjorden over denne ruta. På Radøy køyrde Alfred Tvedt rutebil på strekninga Alverstraumen - Bøvågen frå 1927.
I 1930 tok Alversund & Manger over denne ruta.
Trafikken var stor i desse åra, og selskapa klarte seg lenge utan støtte.
Etter krigen vart det vanskelegå få tak i nye bussar. Difor vart A/s Bussbygg stifta i 1947. Eigarane var frå bygdene rundt Dalsgrend og Myking.
Kåre Andvik, som hadde fagleg bakgrunn frå karosserifabrikk, vart tilsett som dagleg leiar på fabrikken.
R-1111, eller rettare sagt lastebilchassiset Volvo L-249 med motor VDC 5373 kom til Bergen i 1952 med tog. Der ifrå vart chassiset køyrt til Bussbygg på Dalsgrend.
Bussen vart registrert 23/5 1953 og levert til Bergen Nordhordland Trafikklag.
R-1111 vart stasjonert på Fanebust. Her gjekk den i kombinertrute mellom Fanebustsjøen og Bergen.
Ruta vart lokalt kalla "kålrabiruta" fordi den spesielt vart nytta av torghandlarar som skulle til Bergen.
Då det i 1954 vart sett inn ein ny kombibil i ruta, gjekk R-1111 inn i forskjellige køyreoppdrag, den gjekk blant anna alltid i helgane som passasjerbuss.
Frå vinteren 1956 vart R-1111 stasjonert på Myking. Her gjekk bussen Hodneland - Tveitegrend og vidare til Lindås i skulerute.
R-1111 hadde skillevegg. Når den vart brukt som kombibil, tok ein ut passasjerseta bak skilleveggen. Veggen vart fjerna i 1957 og etter det vart bussen berre brukt som passasjerbuss.
Bussen gjekk som oftast på vegar med lav standard, men karosseriet på R-1111 var bra.

I 1960 fekk bussen ein større reparasjon ved verkstaden i Alverstraumen. Der fekk den nytt golv og elles litt fornying av seter, karosseri og vindauge.
No vart den klar for Masfjorden, og der inne var den fr 1960 til 1965. R-1111 skulle no køyra ruta frå Matre til Solheim.
Så vart bussen ståande nokre år i Knarvik og vart avregistrert. Deretter taua til Torsheim, der den vart ståande i 20 år.
I 1990 vart bussen taua attende til Knarvik. Bussen vart sandblåst og sveist.Det var problem medå få tak i originaldelar, men det gjekk det og.
Delar vart skaffa frå ein annen bil og motoren vart bytta.Nytt golv vart lagt og stolane fekk nytt skinn.
Bussen fekk nye plater og vart lakkert. No er R-1111 som den var då den var ny!

R-51003

Nesbøruta

Opr.reg:

R-51003

Indre Nordhordland Dampbåtlag L/L

23.01.1969

Nov. reg:

R-51003

Veteranbussklubb BNR

23.02.1999

Karosseri:

Vest byggnr. 44 / 1968

Lengde:

10,30 m

Chassis:

Scania B80-58 nr. 502261

Bredde:

2,35 m

Motor:

Scania D8 R20

Akselavstand:

5,30 m

Ytelse:

157 HK

Sitte / ståplasser:

41 / 0

Totalvekt:

10700 kg

Dører:

0-1-0

Då Indre Nordhordland Dampbåtlag gjekk til innkjøp av bussen i 1968 fekk den registreringsnummer R-51003.

I 1974 vart selskapet slått saman med A/S Bergen Nordhordland Trafikklag til A/S Bergen Nordhordland Rutelag.

Bussen var i dagleg bruk som rutebuss på Ostereidet fram til 1981.

Bussen er restaurert, lakkert i originale fargar og er eigd av Veteranbussklubben BNR .

I 1974 fekk bussen registreringsnummer SN-61761. Den 23.02.1999 fekk den tilbake sitt originale registreringsnummer R-51003. Den har no kome tilbake til sin opprinnelege stasjoneringsstad i garasjen på Rødland.

 

Garasjen på Rødland er sett i stand på dugnad og eigd av Veteranbussklubb BNR

SN-24558

SN-24558

Opr.reg:

SN-24558

Bergen Nordhordland Trafikklag

10.02.1972

Nov. reg:

SN-24558

Veteranbussklubb BNR

10.02.1972

Karosseri:

Arna

Lengde:

12 m

Chassis:

Volvo, bygg nr.1000 / 1971

Bredde:

2,40 m

Motor:

Volvo B57-60

Akselavstand:

6,00 m

Ytelse:

207 HK

Sitte / ståplasser:

44 / 0

Totalvekt:

12000 kg

Dører:

1-0-1

Denne bussen vart kjøpt som turbuss, og er ein typisk representant for Arna-turbuss frå 1971.
Bussen er lakkert i Bennet reisebyrå sine fargar som den har hatt heile tida, BNR hadde 2 slike bussar.

Den var i dagleg bruk fram til 1993, då den vart sett bort.
Ein av medlemane i veteranbussklubben fekk gøymd bussen vekk, og hindra med det at den vart seldt ut av BNR. Veteranbussklubben er i dag eigar av bussen.

SR-15478

SR-15478

Opr.reg:

SR-15478

A/S Bergen-Nordhordland Rutelag

15.06.1987

Nov. reg:

SR-15478

Veteranbussklubb BNR

25.06.2014

Karosseri:

Van Hool

Lengde:

11,90 m

Chassis:

1869

Bredde:

2,50 m

Motor:

Volvo B10M

Akselavstand:

6,00 m

Ytelse:

310 HK

Sitte / ståplasser:

44 / 0

Totalvekt:

17.500 kg

Dører:

1-1-0

Denne bussen vart innkjøpt som Turbuss og er ein Van Hool -Turbuss fra 1987.
Den vart sett inn på nonstop turar til Rimini med 2 sjåførar. Bak på bussen var det ein logo med ei sandstrand med solstol og palme i full sol. I tillegg stod det Non stopp Rimini, det viste seg at med denne teksten vart bussen til stadighet stoppa i Tyskland og kjøre og kviletid vart sjekka men alt var ok då det var 2 sjåførar som køyrde bussen, etter at dei tok vekk Non stopp, fekk bussen kjøra utan å verta stoppa på seinare turar.

Den var i bruk frem til 1997, då den vart seld ut av BNR.
Veteranbussklubb BNR kjøpte bussen tilbake i Juni 2014, og fekk den overlevert på veteranbusstreffet på Hamar.