Vedtekter for Veteranbussklubb BNR.
§1. FØREMåL
VETERANBUSSKLUBB BNR har som føremål å ivareta bilar og materiell som har historisk verdi,
og ta vare på historisk materiale i skrift og bilete.
Klubben skal arbeida for å skapa engasjement for dette arbeidet blant noverande og tidlegare
tilsette med tilknyting til rutetrafikk i Nordhordland og Osterøy.
Klubben kan overta og eiga kvilande firma som har samferdsle-historisk verdi i Nordhordland
§2. MEDLEMSKAP
Som medlem i veteranbussklubben kan vera:
A: Noverande og tidlegare tilsette med tilknyting til rutetrafikk i Nordhordland og Osterøy
B: Andre etter godkjenning frå styret.
§3 ÅRSMØTET
Årsmøtet skal haldast i februar månad kvart år, og det vert kalla inn med to vekers varsel.
Saker til årsmøtet skal meldast til styret innan ei veke før.
Alle medlemmar har rett til å møta på årsmøtet.
Ekstraordinert årsmøøte kan haldast når styret, eller 1/3 del av medlemane krev det.
§4. ÅRSMØTET SI SAKLISTE
1. Årsmelding.
2. Rekneskap.
3. Fastsetjing av kontigent.
4. Innkomne saker.
5. Valg av 5 styremedlemmar og 2 varamedlemmar for to år.
(etter første året går halvparten av styremedlemmane ut etter loddtrekning).
6. Valg av valkomite på 3 medlemmar for 1 år (etter eitt år går ein ut etter loddtrekning)
7. Valg av revisor for 1 år.
8. Andre saker som styret har sett opp på saklista.
§5. STYRET
Styret skal ha 5 medlemmar og 2 varamedlemmar:
Desse skal veljast av og mellom medlemane i BNR veteranbuss klubb.
Styret konstituerar seg sjølv.
Styret har økonomisk ansvar for klubben sine inntekter og utgifter, og har plikt til å forvalta
midlane på ein god måte.
Styret er Generalforsamling i, og skal utnemne styremedlemar til firma som klubben eig
som beskreve i §1 siste ledd.
§6. ENDRING AV VEDTEKTER
Endring av vedtektene kan berre gjerast på ordinert årsmøte med 2/3 fleirtal.
§7. OPPLØYSING
Oppløysing av Veteranbussklubb BNR kan berre gjerast av årsmøtet, eller ekstraordinert årsmøte.
Vedtak om oppløysing krev 2/3 fleirtal.
Fordeling av aktiva i klubben går til museale / humanitære formål
Knarvik den 26 februar 2024